Lær nynorsk

Din overskrift



LÆR NYNORSK MED HUS-AVISA OG YOUTUBE

HUS-avisa kjem i tida framover til å vise korte videofilmar som anten har nynorsk tale, eller er teksta på nynorsk.
Mange av filmane er morosame og humoristiske, og mange av dei er laga av skoleelevar.

NB! Hugs å skrue opp lyden på pc-en.

YouTube er ein av dei store sosiale nettstadane på Internett, og eit såkalla Web 2.0-verktøy, noko som betyr at kven som helst kan publisere sjølvlaga filmar som dei fritt deler med andre. Det finst mykje drit ute på nettet, men også mange perler. Det gjeld å finne fram til perlene.

Tips til lærarar: Morosame YouTube-filmar kan vere fine å bruke som fagleg motivasjon i undervisninga.

(NB! HUS-avisa er ikkje ansvarleg for innhaldet i filmane, og heller ikke for tale og teksting .)




ARKIV


Sondre Bratland - Gje meg handa di, ven


Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.
La dei ljose og vennlege tankar
fylgje oss inn i draumars land.
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i mørkaste natt.
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.

Varme tankar og hender som trøystar
er som sol over frosen jord.
Kjenne varmen frå ein som er nær deg
gjev langt meire enn store ord!
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i mørkaste natt.
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.

(Sondre Bratland)

--------